Me tilbyr

Alle er velkomne i biblioteket. Du kan lesa bøker, aviser, tidsskrift, bruka PC, arbeida med studie og leksar – eller rett og slett slå av ein hyggeleg prat med andre bibliotekgjestar. Barna dine kan kose seg i barneavdelinga med spel, puslespel eller teikning. Dersom du vil låna med deg noko heim, eller lasta ned e-bøker, til dømes heimefrå, må du ha lånekort.

Lånekortnasjonalt_laanekort

Alle barn i Fitjar kommune får lånekort i 1.klasse. Foreldre godkjenner dette via skulen. Elles kan alle få lånekort. Barn under 15 skal ha godkjenning frå foreldre. For å lage lånekort treng me om namn, adresse og fødselsdato, eventuelt telefonnummer og e-postadresse. Dei lånekorta som brukast no, kan brukast i bibliotek over heile landet, når du vert registrert med fullt personnummer.