E-lån

Lån ei e-bok på biblioteket!
Manglar du lesestoff? Det er enkelt å låne seg e-bøker frå biblioteket ditt, det einaste du treng er lånekort og pinkode. Last ned appen eBokbib og finn bøkene du vil låne. Les meir om tenesta her: www.elanhordaland.no

Slik låner du e-bøker frå biblioteka i Hordaland

Utlånssystemet består av ein app som du kan lasta ned til di mobile eining. Tenesta krev at du har lånekort ved eit folkebibliotek eller eit bibliotek ved ein vidaregåande skule i Hordaland.

Korleis låne e-bøker?

1. Last ned appen eBokBib frå App Store eller Google Play
2. Logg inn med lånenummer og pinkode frå biblioteket
3. Finn e-bøker, last ned og les

Treng du hjelp?

KORLEIS LÅNE E-BØKER?
Her finn du rettleiing i utlånsystemet eBokBib

PROBLEM?
Her finn du svar på vanlege spørsmål om eBokBib (FAQ)

Dersom du ikkje lykkast med å låne e-bøker i appen, så ta kontakt med biblioteket for å få hjelp.