Sjølvbetjening

På nettet kan du fornya lån, søka etter lesestoff, få lesetips og reservera bøker, lydbøker og filmar, med meir. Men bøker som er lånte frå andre bibliotek må du kontakta biblioteket ditt for å få hjelp til å fornya.

Biblofil-appen

No kan du enkelt få oversikt låna dine via bibliofil-appen. Du har også mulighet til å fornye lån, søke i katalogen og få oversikt over opningstider. I tillegg får du tilgang til lånekortet ditt i elektronisk versjon. Bibliofil-appen er tilgjengeleg for nettbrett og mobiltelefonar med Android og iOS. Appen gjev tilgang til alle Bibliotfil-bibliotek. Ved første pålogging treng du lånenummer og pinkode. Ta kontakt med biblioteket om du treng hjelp.

Mappa mi og kikkhullet

MappaMi

Mappa mi gjev deg oversikt over eigne lån og reserveringar. I Mine lån kan du logga inn med lånenummeret ditt (sjå lånekortet) og passord. Dei tre fyrste gongene kan du nytte fødselsdatoen som passord (PIN-kode). Du kan også få passord ved å senda ein epost til biblioteket@fitjar.kommune.no

Du får oversikt over låna og reserveringane dine med menyvalget «Lån». Her kan du fornya lån og sletta reserveringar.

Først får du fram lån og reserveringar i ditt heimebibliotek, deretter lån og reserveringar ved andre bibliotek du brukar.

kikkhulletlogo

Via «Kikkhullet» kan du sjå data frå biblioteket sin statistikk slik som mest utlånte, sist utlånt for barn og vaksne m.m.

Søk i biblioteket sin base

Via lenkja «Søk i biblioteket sin base» kan ein søkja etter bøker, musikk mm. eller få spanande tips til nye, spanande titlar.

Stord folkebibliotek, Litlabø filial og Fitjar folkebibliotek har felles bokbase, så du får treff på alle dei biblioteka når du søkjer. Sjå status «På hylla» for å sjå kor boka fysisk er plassert. Me har hente- og bringe-teneste og du kan bestilla og levera bøker på lik linje i alle dei 3 biblioteka