Vegen til Europa

Vegen til Europa

Arrangement

Foredrag om migrantruter, menneskeverd, murar og Middelhavet - vår yttergrense mot sør og aust.

Dato / tid
18.04.2018, 19:00 - 20:30


Kristin Sørsdal har dei siste 4 åra kryssa grensene mellom Norge og Italia årleg i sitt arbeid mellom anna som Ferrante-omsettar, alltid med tog gjennom Europa. Eller båt. I 2014 var ho på Lampedusa for å arbeide med romanen Mare (Samlaget 2017). I 2015 og 2018 har ho vore tilbake på øya. I dei same åra – då velkomstretorikken til Merkel blei overtatt av invasjonsretorikken til Victor Orban – har ruta til og frå Norge ofte gått gjennom Hellas, Makedonia, Serbia og Ungarn, med lange opphald som frivillig flyktninghjelpar i Hellas – og i Roma. I 2016 omsette ho sakprosaboka La frontiera av italienske Alessandro Leogrande (Grensa, Cappelen Damm 2017): ”Ei verktøykasse for alle som ønsker å sette seg inn i europeisk yttergrensekontroll, opne passasjar og murar dei siste 10–15 åra.” Foredraget er forma som ei personleg reise driven av eit ønske om å sjå sjølv det media enten ikkje ser lenger eller bles opp i sitt sug etter krise-og katastrofemaksimering.

Om Kristin Sørsdal (1966).
Lærar, forfattar og omsettar. Har i mange år arbeidd i norskopplæringa for innvandrarar, er omsettar m.a av bøkene til Elena Ferrante, har gitt ut 3 romanar på Samlaget, Makabre bikkjer (2010), Guds hund (2013), Mare (2017).

Oversetter Kristin Sørsdal i sporene etter forfatter saudonym Elena Ferrante i Napoli, Italia. Bøkene har hatt stor suksess bl a i Norge