Digg på menyen!

Digg på menyen!

Arrangement

Kokk, journalist og forfattar Anders Totland kjem i haust ut med kokebok. Han kjem til Fitjar folkebibliotek 21.september. Kokkelinja ved Fitjar vidaregåande skule står for bevertning med fingermat. Inngang kr 50,-.

Dato / tid
21.09.2017, 19:00 - 20:30


Ein gong skulle Anders Totland verta stjernekokk, med Michelin-stjerner og hundre timars arbeidsveke, men før han kom så langt møtte han veggen. No, ti år seinare, har forfattaren, hagebonden, journalisten og småbarnsfaren funne ein heilt annan måte å kokkelera på. Saman med fotografkamerat og kollega Marius Knutsen deler han no triksa som gjer kvardagen til fest.

I kokeboka DIGG finn vi alle ingrediensane som høyrer heime i ei kokebok: forrettar, supper, middagar og dessertar, men Anders Totland spissar det heile med nokre heilt eigne krydder frå hagen. Kokeboka DIGG, og arbeidet i kjøkenhagen, dannar utgangspunktet for Totland sitt foredrag «Frå hage til mage». Sjå promovideo her.

Digg. Kokk: Anders Totland. Foto: MARIUS KNUTSEN