Språkkafe

Språkkafe

Arrangement

I samarbeid med Fitjar frivilligsentral og Røde Kors inviterer biblioteket til Språkkafe. Datoar som er sett opp er: 17.oktober, 14.november og 12.desember

Dato / tid
17.10.2017, 11:00 - 13:00


Å lære seg nytt språk krev språktrening. Ein språkkafé er ein naturleg stad for både flyktningar og arbeidsinnvandrarar å lære seg norsk. Samstundes er dette ein viktig arena der fitjarbuarane kan lære om andre kulturar.

Språkkafeen skal være eit uformelt, frivillig og triveleg møtepunkt for alle som er til stades.

Her er tanken å ha mellom anna diskusjonar, spel og samtalar over ein god kaffikopp. Biblioteket skal vere ein møtestad, og har vist seg å vere ein naturleg arena for integrering ei rekkje andre stadar i landet.

Røde Kors samarbeidar med bibliotek over heile landet om språkkafear. Det er laga ei rekkje oppgåver, øvingar, samtalekort og guidar som kan brukast til praktiske og lærerike øvingar. Det krev lite ressursar å gjennomføre språkkafear, men det trengs frivillige som kan være til stades og bidra i diskusjonar og øvingar.

Å vere frivillig på ein språkkafe er ein ypparleg å lære meir om andre kulturar og veremåtar, i tillegg til at ein bidreg til å Fitjar blir ein endå kjekkare stad å bu.