Kva skjer?

Her er noko av det me kan tilby våren 2018

Korleis skapa trygge barn

Heine Vestvik er forfattar av «Den lille tilknytningsboken» og har mange års erfaring med foreldrerettleiing.

Han vil halde foredrag om «Å forstå ditt barn ved hjelp av trygghetssirkelen».

Tema for kvelden:

Kva er tilknytning?

Korleis gje barnet ditt god tilknytning?

Når stress legg press på tilknytninga.

Korleis hjelpa barn med kjenslene deira?

Om å reparera etter konfliktar.

Inngang kr 50,-. Enkel servering.

 Språkkafè

Språkkafe er ein arena der ein kan trene seg i å snakke norsk.

Velkomen skal du vere om du vil vere ein samtalepartner til eller du vil auke norskkunnskapane dine.

Ein tysdag i månaden vert det språkkafe frå kl. 11-13.

Datoane som er sett opp er: 16/1, 13/2, 13/3, 10/4, 8/5, 5/6.

 Klimaendringar på Vestlandet:

Onsdag 21.mars kl.19

Foredrag om klimaendringar med påfølgande debatt. Kvifor er endringane dei siste 150 åra annleis enn tidlegare varmeperiodar, som under middelalderen eller for 7000 år sidan? Kva for klimaendringar skjer globalt, og kva for endringar vil skje her på Vestlandet? Kan kommunar og samfunn i Noreg bli del av den globale klimaløysinga?

Forskar og geolog Kikki Kleiven set den globale klimaforskinga inn i eit lokalt perspektiv, og ho nyttar historiske hendingar for å kaste lys over dagens klimasituasjon.

Lars-Henrik Paarup Michelsen er dagleg leiar i Norsk klimastiftelse. Han kjem til biblioteket for å utfordre lokale politikarar og kommunens borgarar: Kva gjer vår kommune for klimaet?

 2014-2018: Om migrantruter, menneskeverd, murar og Middelhavet

Oversetter Kristin Sørsdal i sporene etter forfatter saudonym Elena Ferrante i Napoli, Italia. Bøkene har hatt stor suksess bl a i Norge

Onsdag 18/4 kl. 19. Foredrag med Kristin Sørsdal, oversetjar av romanserien til Elena Ferrante.

Foredraget er forma som ei personleg reise driven av eit ønske om å sjå sjølv det media enten ikkje ser lenger eller bles opp i sitt sug etter krise-og katastrofemaksimering.