Meirope bibliotek

- få tilgang til biblioteket også utanom ordinær opningstid!
Kvar dag heile året frå 08.00-22.00. Kom innom biblioteket i betente opningstider og får oppgradert bibliotekkortet ditt.

Korleis? Skriv under på kontrakten og lever til personalet, så får du avtale om tilgang til biblioteket utanom betent opningstid. Du kjem inn på biblioteket ved å lese av lånekortet i kortlesaren ved inngangen og taste pin-kode. Samstundes vert det teke bilete av deg.

KVEN? Tilbodet gjeld for alle over 15 år som er registrert lånar . Du er busett i Fitjar kommune eller elev ved Fitjar vidaregåande skule. Born kan nytte tilbode om dei kjem i følgje med ein vaksen. Den vaksne har ansvar for dei borna han eller ho tek med seg.

Det vil vere personale i biblioteket i delar av den ubetente opningstida, for å gjera kontorarbeid. Treng du hjelp – ver gild å kome i den betente opningstida.

 

Vårt felles bibliotek

Det meiropne biblioteket byggjer på tillit mellom brukar og bibliotek. Det er vår felles eigedom og skal vere til glede og nytte for alle – du bør derfor passe godt på det og halde ro og orden!
Tilgang og bruk

  • Før du kan nytte deg av tilbodet må du signere ein kontrakt skriv under på at du har lese reglementet for meirope bibliotek.
  • Lånekortet og pin-koden er personleg og skal ikkje brukast av andre.
  • Born kan bruke tilbodet om dei kjem i følgje med ein vaksen. Den vaksne har ansvar for dei borna han eller ho tek med seg.
  • Biblioteket kan stengje ut brukarar som bryt retningslinjene. Gjer du hærverk eller øydelegg noko er det du som er økonomisk ansvarleg. Alvorlege tilfelle vert meldt til politiet!
  • Du kjem inn på biblioteket ved å registrere lånekortet i kortlesaren ved inngangsdøra, samt taste pin-koden. Samstundes som du gjer dette, tek kameraet bilete av deg.
  • Det kjem melding over høgtalarane når biblioteket er i ferd med å stengje (kl. 22.00), ver vennleg å forlate biblioteket i god tid for å unngå at alarmen vert utløyst.

 

Servicetilbod

Når biblioteket ikkje er betent, er du sjølv ansvarleg for å nytte deg av dei tilgjengelege tenestane på ein forsvarleg måte.

Du kan nytte lesegruppene og datamaskinene, samt logge deg på gjestenettet.

Merk: Du kan ta utskrift direkte frå datamaskinane, men skanning og kopiering må gjerast av ein av dei tilsette i betent opningstid. Me tek kr 3,- i avgift pr utskrift.

For meir informasjon om biblioteket, sjå heimesida: http://www.kvinnheradbibliotek.no/

 

Merk: All form for lån og innlevering av materiale må gjerast på automaten! Fjernlånsbøker kan ikkje lånast ut på automaten og må derfor hentast i betent opningstid. Skal du levere fjernlånsbøker, legg dei i hylla merka fjernlån.

Skulle det oppstå ein feil med utstyret slik at du ikkje får lånt, kom tilbake i den betente opningstida, så vil personale hjelpe deg.

 

Korleis bruke automaten

  1. Vel teneste og trykk på symbolet. (T.d. «Utlån»)
  2. Legg kortet med strekkoden opp og juster det slik at kortet blir scanna.
  3. Legg materialet på bordet. Kontroller at talet på bøker og anna materiale er likt med talet som står på skjermen.
    Merk: Viss du både skal levere og låne bøker, er det lurt å halde desse frå kvarandre, då maskina også kan registrere materiale «i lufta».
  4. Når du leverer materiale vil du anten får beskjed om å setje det på «innleveringshylla» (skilta med Innlevering) eller leggje det til Stord (skilta med Stord) eller hylle for reserverte bøker. Når du har gjort dette, avsluttar du ved å trykke på det symbolet som passar deg: med eller utan kvittering.