Få lånekort

Med lånekort har du mange moglegheitar!

For å låne bøker, filmar, tidsskrift og lydbøker treng du eit lånekort.For å lage lånekort treng me opplysningar om namn, adresse og fødselsdato, i tillegg til telefonnummer og e-postadresse. Lånekorta kan brukast i bibliotek over heile landet, når du vert registrert med fullt personnummer.

Alle barn i Fitjar kommune får lånekort i 1.klasse. Foreldre godkjenner dette via skulen.

Elles kan alle få lånekort. Barn under 15 skal ha godkjenning frå foreldre.

Med lånekort har du tilgang også til å låna e-bøker og å låna film via Filmbib. Pinkode får du ved å ta kontakt med biblioteket. e-post: biblioteket@fitjar.kommune.no