Om biblioteket

Fitjar folkebibliotek
Fitjar kultur og idrettsbygg

Postadresse: pb 194, 5419 Fitjar
Tlf: 53458513
biblioteket@fitjar.kommune.no

Fitjar folkebibliotek finn du i Fitjar kultur og idrettsbygg. I biblioteket finn du bøker i alle former og fargar – her kan du jakta i hyllene på eiga hand, snakka med tilsette og få tips til noko å lesa, be om hjelp til å finna fram til strikkeoppskrifter, hundebøker, ordlister, grøssarar – eller kva du har lyst til å gje deg i kast med. I hyllene finn du òg lydbøker, filmar, teikneseriar, tidsskrift og aviser. Biblioteket har ei publikumsmaskin ein kan bruke. Me har også ei kjekk barneavdeling der ungane kan kosa seg med puslespel, spel og teikning.

Er du interessert i lokalhistorie? I lokalet over biblioteket har me samla litteratur frå og om Fitjar og omegn.