Forfattarbesøk med Kari Stai

Forfattarbesøk med Kari Stai

Aktuelt   

Stor stas då forfattar av Jakob og Neikob-bøkene kom til Fitjar!

Kari Stai er forfattar og illustratur og har i tillegg til Jakob og Neikob illustrert bøker til bl.a Rune Belsvik. Under falturiltufestivalen besøkte ho 3. og 4.klasse på Selevik og Øvrebygda skule og 4A og 4B på Rimbareid skule.

Elevane fekk høyre litt om korleis ideen om Jakob og Neikob vart til, og dei fekk høyra den siste boka «Jakob og Neikob og alle andre». Til slutt fekk elevane ei teikneoppgåve. Det var stor kreativitet blandt elevane.