Leseknappen

Leseknappen

Aktuelt   

Fitjar folkebibliotek inviterer alle 2.klassingar i kommunen til å lese til Leseknappen. Les 10 bøker sjølv, og få eit flott jakkemerke!

leseknappen

Leseknappen er eit flott jakkemerke i fargar, utforma av illustratøren Elisabeth Moseng. For å få Leseknappen, må barnet lesa 10 bøker sjølv, og skriva forfattar og tittel på eit lesekort, som dei har fått utdelt frå Fitjar folkebibliotek, via skulen. Bøkene kan gjerne lånast på folkebiblioteket eller på skulebiblioteket, eller det kan vera bøker ein eig sjølv eller låner hos vener.
For å få lesekortet skal barnet skriva opp dei bøkene han/ho har lest
– Når det er 10 bøker på kortet, kan barnet levera kortet på biblioteket – og få Leseknappen. 2.klassingane får Lesekort etter klassebesøk på biblioteket.

Det er ingen tidsfrist for innlevering av lesekorta.