Prosjekt Lesekorken

Prosjekt Lesekorken

Aktuelt   

I haust har barnehagane i Fitjar hatt ekstra fokus på lesing.

Prosjektet «Lesekorken» har gått frå 1.august til 30.oktober. For kvar bok som har blitt lest i barnehagen, har ein putta ein kork i ei krukke. Den barnehagen som las flest bøker pr barn gjekk av med sigeren- ei pakke med bøker!

Bakken barnehage la seg skikkeleg i selane. På tre månader har dei lese 1692 bøker! Fordelt på 60 barn har kvart barn høyrt 28 bøker!

Gratulerer til Bakken for super innsats. Og takk til alle barnehagane som tok utfordringa!