Oskar Stein Bjørlykke 80 år!

Oskar Stein Bjørlykke 80 år!

Aktuelt   

Me gratulerer Oskar Stein Bjørlykke med 80 års dagen!

Oskar Stein Bjørlykke vart født 4.desember 1939. Han vaks opp i Fitjar, men er no busett i Oslo. Han er utdanna teolog, og har skrive ei lang rekkje romanar, diktbøker og bøker for barn. Oskar Stein Bjørlykke har ein stor produksjon bak seg. Han har skrive tidsbundne bøker som stiller tidlause spørsmål. Forfattarskapen dekkjer både dikt, forteljingar, romanar, barnebøker, barne- og meditasjonsbøker og eit musikkspel.

Bjørlykke har motteke ei rekke prisar, bl.a. Samlagsprisen 1995, Kultur- og kyrkjedepartementets spesialpris for barne- og ungdomslitteratur 1999 og Kritikarprisen for beste barne- eller ungdomsbok i året 2003, for Kom til dammen. Bjørlykke har vore formann i NBU (Norske Barne- og Ungdomsbokforfattere).

 

Ivar Aasen tunet om Oskar Stein Bjørlykke

Oskar Stein Bjørlykke les frå novellesamlinga «Blikket»

Biletet er lånt frå Falturiltu.