Les digitalt mens biblioteket er stengt!

Les digitalt mens biblioteket er stengt!

Aktuelt   

Biblioteket (inkl. meirope) held stengd f.o.m 12. mars og gjeld inntil vidare.

Som eit tiltak for unngå unødvendig smitte vert biblioteket stengt med verknad frå 12. mars kl.18. Stenginga omfattar også meirope bibliotek og gjeld inntil 13.april.

Har du lånte bøker, filmar og lydbøker beheld dei til biblioteket opnar igjen. Det er ikkje høve til å levere media så lenge me held stengt. Alle lån blir forlenga til 15.april. Det blir ikkje sendt ut purringar i denne perioden.

 

Minner om at det er digitale løysingar for deg som ønsker å lese bøker, aviser, sjå film og høyre lydbok:

 

Med appen Bookbites  kan du laste ned ebøker (og nokre lydbøker) på mobilen eller nettbrettet ditt. Du brukar lånekortnummeret ditt og pinkode frå biblioteket. Ta kontakt med biblioteket@fitjar.kommune.no om du treng lånenummer/pinkode eller hjelp. Meir informasjon finn du her: https://www.fitjarbibliotek.no/bruk-biblioteket/e-lan/

 

Filmbib lar deg låna norske filmar frå biblioteka i Noreg. Logg inn med Nasjonalt Lånekort og PIN utstedt av biblioteket. Logg inn via PC. Ta kontakt med biblioteket om du treng hjelp.

 

Pressreader lar deg lese aviser og tidsskrift digitalt. Les meir om løysinga her: https://www.fitjarbibliotek.no/bruk-biblioteket/pressreader/

 

Billedbokhylla.no er Nasjonalbiblioteket si samling av digitaliserte biletbøker. Bøkene er frå før år 2000, men det er mange bokskattar her. Forslag til søkeord:

Marius, Stian, Labolina, Thomas (toget og Thomas og Emma bøkene), Postman Pat, Astrid Lindgren, Ruffen, Albert Åberg, Malla, Pulverheksa, Elsa Beskow.

Bokhylla.no er nasjonalbiblioteket si samling av digitaliserte bøker frå før 2000. Ein god del av bøkene er tilgjengeleg for alle.

 

For deg som strevar med trykt tekst kan NLB vere eit godt hjelpemiddel. . Tilbodet er gratis. Sjekk om du kan nytte deg av NLB sine tilbod her.