Ope bibliotek!

Ope bibliotek!

Aktuelt   

Frå og med i morgon, 6.mai, kan du igjen besøke biblioteket. Me gledar oss til gjensyn med lånarane våre 😀.

For ta vare på kvarandre har me desse smittevernreglane:
– bruk handsprit når du kjem inn i rommet.
– maks 5 personar i biblioteket om gongen.
– Hald avstand til andre lånarar og personalet.
– Korte besøk (inntil 15 minutt).
– kun friske personar kan besøke biblioteket.
– bestill gjerne bøker på førehand, så finn bibliotekarane fram til deg.
Opningstidene er reduserte for å ha fokus på smittevern. Meirope bibliotek er fortsatt stengt.
Velkomen!