75 år sidan frigjeringsdagen!

75 år sidan frigjeringsdagen!

Aktuelt   

Det blir stadig gitt ut bøker om 2.verdskrig.
Her er litt av litteraturen du kan låne på biblioteket.

 

Jenta med minneboken, Bart Van Es

Under den andre verdenskrig blir den vesle jødiske jenta Lien skilt frå foreldra sine. Ho blir gitt vekk i håp om å redda livet hennar. Ho veks opp i ulike fosterfamilar som skjuler ho.  Bart Van Es høyrte besteforeldrene sine fortelje om ei jente dei oppdrog under krigen som deira eige barn, men som dei etter krigen mista kontakten med. Kva skjedde med ho? Dette er Bart Van Es fortelljing om leitinga etter Lien.

Jenta på toget, Irma Joubert

2. verdenskrig, Polen: Jakób Kowalski plantar ei bombe på skinnegangane til eit tog med retning Auschwitz. Då røyken legg seg, er seks år gamle Gretl einaste overlevande. Ein skyldtung Jakób tar ho til seg – men korleis skal han klare å halde den jødiske vesle jenta skjult? Jakóbs familie er strenge katolikkar, og utanfor heimen deira vrimlar det av tyske soldatar. Etterkrigstida fører Gretl til Sør-Afrika, der mange familiar adopterer foreldrelause tyske barn. Gretl må stadig halde fortida skjult for å kunne skape seg eit nytt liv, i eit land som er fiendtlig innstilt til alt ho er og alt ho kjem frå.

Det siste toget til London, Meg Waite Clayton

Nederlandske Truus Wijsmuller(1896-1978), med kallenavnet tante Truus, jobba utrøtteleg for å redda flest mogleg jødiske barn frå nazistane sine konsentrasjonsleirar. Ho var delaktig i at så mange som 10,000 barn blei bragt i tryggleik i England gjennom Kindertransport-programmet like før utbrotet av andre verdskrig. I «Det siste toget» til London er me i Wien, 1936. Stephan Neuman, eldste son i ein velståande jødisk familie lever eit sorglaust liv og  drøymer om å bli dramatikar. Han svermar for femten år gamle Zofie-Helene. Ho er eit matematikktalent med ei journalistmor som ikkje går av vegen for å kritisere nazistane i sine artiklar. Når tyskarane invaderer Østerriket vert det farleg for dei. Forteljinga er basert på ein sann historie.

Alt det vi ikke kan si, Kelly Rimmer

Det er urolige tider i Europa, men femten år gamle Alina Dziak bekymrar seg ikkje over at nazisoldatar nærmar seg den polske grensa. Hun drøymer heller om den dagen Tomasz vender heim frå universitetet i Warzawa, og dei kan gifte seg. Men gradvis vert kvardagen overskygga av nazistene sin okkupasjon, og ein dag forsvinn Tomasz. Alina svevar mellom håp og fortviling medan ho ventar på å høyre frå han, og samtidig prøver å unngå merksemda til soldatane som patruljerer foreldra sin gard.

Jenta i veggen. I skjul for nazistene, Lena Lindahl

Ei norsk, jødisk jente, Betzy Rosenberg, gøymde seg for dei tyske og norske nazistane i Trondheim. Betzy overlevde rett under nasa på fienden, takka vere eit medmenneske som risikerte livet ved å skjule ho. Frå hausten 1942 heilt til krigen tok slutt i maidagane 1945, levde ho i frykt for å bli sendt til ein sikker død. Mens resten av familen blei deportert til konsentrasjonsleiren Auschwitz, var Betzy jenta i veggen.

Leksikon om lys og mørke, Simon Stranger

Ein dag oppdagar Simon Stranger noko underleg om svigerfamilien sin: etter 2. verdenskrig busatte den jødiske Komissar-slekta seg i Bandeklosteret i Trondheim. Under krigen var dette hovedkvarteret til angivaren og provokatøren Henry Rinnan, som etter krigen blei dømt for landssvik og henretta. Korleis kunne Kommisar-familien ønskje å bu ein slik stad? Og kva for mørke førte Rinnan, ein forsagt skomakerson, til å angi og torturere sine eigne landsmenn, til å bli mannen han vert hugsa som? I ein drivende, alfabetisk kapittelstruktur gir Stranger ei litterær framstilling av faktiske hendingar knytt til Rinnans liv og Komissarenes familiehistorie.

Grenselosene, Hege Kofstad

Under krigen var det nordmenn langs heile svenskegrensa som sette livet på spel for å losa flytningar trygt over til Sverige. Det var omtrent tusen personar, menn, kvinner, ungdommar og barn som meldte seg frivillig til denne jobben. Den yngste var berre 8 år gamal. Nervepresset var stort. Det var dødsstraff for å hjelpe flyktningar. Når krigen var over var det andre motstandsfolk som ble heltar, medan grenselosene ble verken anerkjent eller hugsa. I denne boka blir dera historie fortalt.

 

Under krigen, Ingar Sletten Kolloen

Dette er første bind i ein trilogi om Noreg under krigen. Forfattaren ønskjer å fortelje historia til folk flest, korleis dei opplevde krigen der og då og gje eit bilete av tverrsnittet av befolkninga og deira historiar. Han har brukt kjelder som lokalaviser, dagboksnotatar og arkiv og gjort dramaturgiske grep for å bringa lesaren tettast mogleg på krigen. Han skildrar bekymra diplomatar før krigsutbrotet, felttoga i Gudbrandsdalen og Nord-Norge, spelet i kulissane under flukta til kongen og regjeringa. Han skildrar også handlekraftige husmødre, rådville ordførarar, desillusjonerte offiserar og ambivalente byråkratar og kampen til vanlige menneske for å tilpasse seg.