Portrett av Ingebrigt Steen Jensen

Ingebrigt Steen Jensen: Før jeg forsvinner

Dato

Tid

Stad

Stord kulturhus

Ingebrigt Steen Jensen er reklamebransjens store ess, bestseljande forfattar og fotballentusiast. Reklamekampanjane hans omtalast som nokre av dei mest vellykka i norsk kommunikasjonshistorie. Så fekk han Alzheimers sjukdom, og livet blei snudd på hovudet. Høyr det openhjartige og ærlege foredraget «Før jeg forsvinner.»

Alzheimer er skammens sjukdom. Den vi ikkje snakkar om – ikkje eingong i bisettelsen. Men me har ingenting å skamme oss over. Me har ikkje røkt, drukke eller lege på sofaen meir enn alle andre.

«Før jeg forsvinner» er min historie om å leve med Alzheimers sjukdom. Om angsten, om tankane på at eg snart skal dø, ikkje får følge jentene mine opp kyrkjegolvet og ikkje sjå barnebarna mine vekse opp. Om å innsjå at eg vil bli ei belastning for mine nærmaste.

Dette er verkelegheita for hundre tusen menneske med Alzheimer i Noreg. Truleg har me nærare ein million «pårørande». Og det finst ingen kur som verkar.

Eller gjer det? I dette føredraget følg eg min eigen sjukdom gjennom det første året og kjenner at ein annan historie er mogleg. Den handlar om å bruke all energi på det som gjer meg glad (og det er mykje!) og unngå alt som skapar angst, uro, press og sorg.

Mitt håp er at flest mogleg av oss skal leve gode liv. Og at dei me elskar og dei som elskar oss, skal møte livet for fulle segl og med solskinn på alle kantar.

Arrangementet blir til i eit samarbeid med Stord/Fitjar demensforening, Bømlo demensforening, Fitjar folkebibliotek og Stord folkebibliotek

Billettar kan du kjøpa her:

https://stord.kulturhus.no/

Fitjar folkebibliotek

Stord kulturhus (kiosken)

Bømlo kulturhus/Bømlo folkebibliotek

Tekst og bilde er henta frå: www.athenas.no/flx/foredragsholdere/ingebrigt-steen-jensen/