Aviser og tidsskrift

Biblioteket abonnerer på eit utval tidsskrift for ulike interessefelt. Me har også abonnement på ein del aviser frå vårt distrikt.
Me tilbyr også aviser på nett.

AVISER

Avisene er ikkje til heimlån, men kan lesast når kulturhuset er ope.

Me har abonnement på følgande aviser:

Bergens Tidende, Haugesunds avis, Sunnhordland og Bømlonytt.

TIDSSKRIFT

Alle tidsskrifta er til utlån, forutan siste nummer. Siste nummer kan lesast på biblioteket, og vert til utlån når det kjem eit nytt nummer.

Samlinga omfattar publikasjonar om litteratur og kunst, politikk og samfunn, handarbeid, hage, vitskap og historie, teater, foreldre og barn, interiør og båt – noko for ein kvar smak!

Utvalet er ei blanding av gratisabonnement frå Norsk kulturfond, og medlemsblad, tidsskrift og vekeblad vi sjølv vel ut.

PRESSREADER

Gratis aviser på nett! Biblioteka i Hordaland abonnerer på tenesta der du kan lese aviser frå  meir enn 120 land på 60 ulike språk. Få tilgang via Mappa mi I Bibiliofil les dei i biblioteket eller last dei ned til din eigen eining og ta med deg heim. Av norske aviser har du bl.a tilgang på Stavanger Aftenblad, Aftenposten, Fædrelandsvennen og Bergens Tidende.

Historiske aviser på nett

avisplakatBiblioteket har tilgang til historiske aviser via Nasjonalbiblioteket. Ynskjer du å lese historiske aviser kan du ta kontakt med biblioteket, så får du tilgang til avisene når du besøker biblioteket.