E-lån

Lån ei e-bok på biblioteket!
Manglar du lesestoff? Det er enkelt å låne seg e-bøker frå biblioteket ditt, det einaste du treng er lånekort og pinkode. Last ned appen Bookbites og finn bøkene du vil låne. Tidlegare har biblioteka i Hordaland nytta eBokbib, men frå 1. juli 2019 er det berre Bookbites som kan nyttast her.

Slik låner du e-bøker frå biblioteka i Hordaland

Utlånssystemet består av ein app som du kan lasta ned til di mobile eining. Tenesta krev at du har lånekort ved eit folkebibliotek eller eit bibliotek ved ein vidaregåande skule i Hordaland.

Korleis låne e-bøker?

Bookbites

1. Last ned appen Bookbites frå App Store eller Google Play
2. Lag ein brukar med epostadresse og passord, eller via Google- eller Facebook-kontoen din.
3. Logg inn med lånenummer og pinkode frå biblioteket
4. Finn e-bøker, last ned og les

Treng du hjelp?

Videoguide som viser korleis du kan opprette ein brukar, og ta i bruk Bookbites

Dersom noko går gale, kan du kontakte biblioteket ditt for å få hjelp.

Om BookBites

Du kan lese meir om BookBites i artikkelen vår om byte av utlånsløysing for e-bøker.

Bokhylla.no

Du kan også finne ebøker i samlinga til Nasjonalbiblioteket.