Johannes Heggland - hans liv og forfattarskap

Johannes Heggland – hans liv og forfattarskap

Arrangement

Tysdag 10.desember vil lokalhistorikar Knut Rage fortelje om Johannes Hegglands liv og forfattarskap.

Dato / tid
10.12.2019, 11:00 - 12:00


I år er det 100 år sidan Johannes Heggland vart født. I den anledning vil lokalhistorikar Knut Rage fortelje om Hegglands liv og forfatterskap.

Johannes Heggland (fødd 29. juni 1919 i Tysnes, død 24. januar 2008 same stad) var ein forfattar, bonde, lokalpolitikar og lokalhistorikar frå Tysnes i Sunnhordland. Han budde der heile livet. Den litterære produksjonen hans er svært omfattande, både kva gjeld skjønnlitteratur og sakprosa. Mest kjend er Heggland for sine historiske romanar og forteljingar for vaksne og born. Heggland var også samfunnsengasjert. Mellom anna var han ordførar i heimkommunen i to periodar, formann i Den norske Forfatterforening, og med ei rad andre offentlege verv, lokalt og nasjonalt. Den 15. juni 2005 vart Johannes Heggland utnemnd til Riddar 1. klasse av St. Olavs Orden for sin innsats for norsk kulturliv, og då særleg hans kjennskap til og skildring av norsk bygdeliv. Kjelde: https://lokalhistoriewiki.no/wiki/Johannes_Heggland