
Boklansering
Håkon Hartvedt har skrive bok om skipsredar, fiskar, lærar og politikar Inge Halsteinsen.
14. oktober vert boka lansert på Fitjar.
Dato / tid
14.10.2020, 18:00 - 20:00
Praktbok
Boka «Samfunnsbyggjar. Med Hauge i bagasjen» er utgjeven på Fitjarposten forlag.
Håkon Hartvedt har hatt mange og gode samtalar med Inge noko som har resultert i ei praktbok.
Boka vert lansert i kultursalen i Fitjar kultur og idrettsbygg.
På lanseringskvelden vert det underhaldning, samtale mellom Håkon Hartvedt og Inge Halsteinsen. Inge fortel frå barndommen sin i Bekkjarvik, då Bekkjarvik var ein del av Fitjar kommune. Det vert også moglegheit for å kjøpe boka og få den signert.
Grunna smittevernhensyn er det avgrensa plassar og påmelding. Ring 53458513, send ein epost til biblioteket@fitjar.kommune.no eller send ei messengermelding for å melde deg på. Me noterer namn og tal billettar.