Grønare kvardag

Grønare kvardag

Arrangement

Kan vi leve utan avfall? Få tips til korleis du kan redusere avfallsmengda di!

Dato / tid
24.11.2020, 18:30 - 20:00


Tysdag 24.november kjem Kristina Ullaland, stiftar og CEO av Zero Waste Norge og drivar av nettsida Grønare kvardag til Fitjar. Dette som ledd av berekraftveka (som vidaregåande skule også markerer).

Til dagleg hjelper Kristina Ullaland bedrifter med å utvikle miljøstrategiar og redusere avfallet dei produserer. No reiser ho rundt i Vestland fylke med eit foredrag som kan hjelpe oss å kutte i avfall vår kvardag. Kva triks og tips kan vi ty til for å gjere kvardagen vår litt grønare?

Foredraget er støtta av Bibliotekutvikling Vestland.

Kan vi leve utan avfall?

Avfall er noko vi gjerne tenke er ein naturleg bi effekt av å vere menneske. Kvar og ein av oss kasta over 400 kg kvart år. Sjølv om avfall ikkje er noko nytt har innhaldet endra seg drastisk dei siste tiåra, og den auka avfallsmengda vår har blitt eit symbol på ein dysfunksjonell samfunnstruktur. Kva kan vi gjere med dette? Bli med når biblioteka i Vestland fylke invitera til eit spennande og oppløftande foredrag om Zero Waste, der vi ikkje berre snakka om miljøproblematikken vi står ovanfor, men korleis vi sjølv kan vere ein del av løysinga.

Foredragshaldar Kristine Ullaland gjekk sist ut med restavfallet heime, hausten 2015. Ho står bak Norges første Zero Waste-blogg, Grønare kvardag, og er også stiftaren av bedrifta Zero Waste Norge, som hjelpe tenesteytande næring førebygge og redusere avfall. Arbeidet har fått mykje merksemd nasjonalt og internasjonalt, blant anna frå FN.