Her er du: Fitjar folkebibliotek > Arrangement > Online FORTNITE-turnering
Online FORTNITE-turnering

Online FORTNITE-turnering

Arrangement

Konkurrere med spelarar frå Fitjar om å bli "Fitjarmeister" i Fortnite. Vinnaren blir Fitjar sin finalist i den landsdekkande Fortnite-finalen 14.april kl.19.

Dato / tid
04.04.2020, 19:00 - 20:30


Online-turnering vert arrangert av Bibliogames, Ungdomsrådet og Fitjar bibliotek.

Korleis foregår turneringa?

Dette er ei solo-turnering for inntil 30 deltakarar frå kvar kommune. Du treng altså ikkje å tenkje på å finne ein partnar eller danne lag. Sjølve spelemodusen og turneringsoppsettet vil me avsløra søndag den 29. mars når me veit kor mange deltakare som blir med frå kvar kommune.

Kan ein vinne noko?

Die to beste vinn Fortnite-premiar. Vinnaren går i tillegg vidare til finalen der du møter andre finalistar frå heile landet. Også her vankar det hemmelege Fortnite-premiar til vinnarane.

Korleis veit eg når eg skal spele og anna viktig info?

Her er Discord-kanalen vår: https://discord.gg/tHBp3pA

Det er begrensa tal på plassar og påmeldingsfrist førstkommande fredag, så vær rask! For meir info og påmeldingsskjema, sjekk ut nettsida:

Fortnite turnering: (maks. 30 påmeldte) https://tinyurl.com/vqw6nqe