Her er du: Fitjar folkebibliotek > Arrangement > Online MINECRAFT-turnering
Online MINECRAFT-turnering

Online MINECRAFT-turnering

Arrangement

Bli med på Minecraft-konkurranse!

Dato / tid
04.04.2020, 16:00 - 17:00


Online-turnering i Minecraft vert arrangert av Bibliogames, Ungdomsrådet og Fitjar bibliotek.

Mincraft-turneringa er ei byggje-turnering. Målet er å byggje det flottaste du kan byggja, på ein time. Temaet er “underjordisk skjulestad”, og byggverket må altså liggje under bakken. Bortsett fra det har du full frihet.

Når du melder deg på vil du få tilgang til ein eigen server saman med 14 andre deltakarar frå din kommune. Du startar i ein flat verden og blir teleportert til eit eiget område der du skal byggje i ein time med alle materiale låst opp (kreativ modus).

Etter at timen er over kjem dommerane. Dette er tre snille vaksne med lang erfaring frå Minecraft. Dei vil gå gjennom alle byggverka samman, mens dei kommenterer og beskriver kva dei ser. Denne delen av konkurransen vil bli strømma slik at vennene dine og familie og kan følgje med. Sammenlikning og vurdering skjer likevel seinare, og vinnaren blir først avslørt dagen etter klokka 12.00.

Kan ein vinne noko?

Her er linken til Discord-kanalen vår: https://discord.gg/tHBp3pA

De tre beste bidraga vinn ein hemmeleg Minecraft-premie. Det aller beste bidraget går i tillegg vidare til finalen. Finalen foregår på same måte, men mot andre finalistar frå heile landet. Også her vinn dei tre beste ein hemmeleg Minecraft-premie.

Alle våre lånarar kan derfor delta på:

Minecraft byggekonkurranse, som startar laurdag 4.april kl.16.00 og har finale Tysdag 14. april kl.16.00.

Det er begrensa antall plassar og påmeldingsfrist førstkommande fredag, så vær rask! For mer info og påmeldingsskjema, sjekk ut nettsida:

Minecraft byggekonkurranse: (maks. 15 påmeldte) https://tinyurl.com/rzn8mry