Sommarles-fest!

Arrangement

Endre og Jørgen lagar til konsert og allsong på biblioteket når dei spelar Knutsen og Ludvigsen!

Dato / tid
03.09.2019, 18:00 - 19:00


Velkomen til konsert og allsong på biblioteket, når dei dyktige musikarane Jørgen Sandvik og Endre Olsen tar oss med til Knutsen & Ludvigsen si verd!
Dei vil spela dei mest kjende songane, og kanskje nokre som er mindre kjende. Her treff me dyr som me veit finnast, men også dyr som kanskje ikkje finnast – som elledillar og krokofantar. Fargeblinde fiskehandlarar og akterutsegla bestefedre kan også songane handla om. Det blir uansett ein konsert med mykje humor, glede og energi!
 
Ope for alle som har vore med på sommarles.no.
Passer for barn frå 5 år og oppover. Gratis