Strikk & lytt

Strikk & lytt

Arrangement

Ta med deg strikketøyet og få ei litterær oppleving!

Dato / tid
26.05.2020, 19:00 - 21:00


Biblioteket inviterer til ei hyggestund med god lag, strikk og opplesing. Me er så heldig å ha Jorunn Hernes med oss til å lesa for oss. I tillegg vil bibliotekar og andre kome med boktips.

For å ivareta smittevernhensyn vert det maksimalt plass til 15 deltakarar på dette arrangementet. Om du vil vere med må du melde deg på til Fitjar folkebibliotek. Det kan du gjere ved å kome innom i opningstida, sende ein  mail til biblioteket@fitjar.kommune.no, ringa på tlf. 53458513 eller sende ei messengermelding.

Me vil sitte med minimum 1 meters avstand og me fokuserer på god handhygiene. Det vil bli enkel servering av kaffe og kake, sjølvsagt i tråd med gjeldande smittevernreglar.

Me gler oss til å sjå deg!