Vigdis Hjorth til Fitjar folkebibliotek

Arrangement

Med boka Fransk åpning (1992) fekk Vigdis Hjorth rykte på set som ein erotisk forfattar. Etter kvart har bøkene hennar vist at ho er mykje meir enn det. Minst like mykje handlar bøkene om grunnleggjande eksistensielle spørsmål.

Dato / tid
18.11.2019, 19:00 - 20:30


Hjorth har aldri lagt skjul på at ho aktivt nyttar eigne opplevingar som stoff i bøkene sine, som i Tredve dagar i Sandefjord (2011) der hovudpersonen sonar ein promilledom, noko Hjorth sjølv har vore open om at ho har gjort. Med boka Arv og miljø (2016), som handlar om problematiske familieforhold, oppstod det ein stor diskusjon om kor tett på eigne liv ein forfattar kan gå før det blir eit problem. Likevel har ho alltid insistert på at ein først og fremst må lese bøkene som fiksjon og romanar.
På dette arrangementet skal Hjorth presentere forfattarskapen sin med hovudfokus på Arv og miljø og Lærerinnens sang (2018). Ho skal snakke om likskapar og ulikskapar melom desse to bøkene.