Bokstart: Les for meg!

Prat, les, syng og rim saman med barnet ditt! Barnet i armkroken er nærleik og leseglede.

I Fitjar kommune har me som mål at alle småbarnsforeldre skal lesa for barna sine. Difor har me satt i gang prosjektet Bokstart: les for meg! der me blant anna delar ut informasjonsmateriell og gratis bok på 6 månaderskontrollen på Helsestasjonen. Me oppfordrar også småbarnsfamiliar til å bruke biblioteket.

Kvifor?

For at barna våre skal lykkast fagleg og sosialt i barnehage og skule er gode språkdugleikar viktig. Kosestunder med høgtlesing er den aller beste måten å utvikle ordforrådet på. I tillegg hjelper det barnet sin hjerne til å utvikla seg, og skapar tette, trygge, gode og kjærlege band mellom oss foreldre og barna våre. Gullalderen for språklæring er frå 1,5-3 år, og jobben me gjer heime er superviktig!

Bad i ord!

Barna våre skal høyre eit ord hundrevis av gongar før det sjølv kan forstå og uttale det. Difor må me aldri la sjansen gå frå oss til å snakke om hunden me ser, grauten me et, fargen på buksa me tek på oss og lukta av dei nysteikte bollane. Snakk, snakk, snakk og snakk. Og syng! og les! I bøker møter me andre og fleire ord enn dei me brukar i daglegtale. Difor er bøker spesielt effektive.

Forsking seier:

  • å lesa høgt for barne før det kan snakka, gjev store utslag i kor mange ord barnet lærer seg.
  • jo større betydning bøker har i barns liv frå dei er små, jo meir førebudd er dei til å læra å lesa når dei byrjar på skulen.
  • barn som har mange barnebøker heime, og har blitt lest for før dei fyller to år, har nesten dobbelt så stort ordforråd ved skulestart enn dei med få barnebøker heime og som først har blitt lest for etter at dei fylte fire år.
  • den fremste ressursen for å fremma eit barns lesing er mor og far og andre nære omsorgspersonar.
  • tidleg høgtlesing er den mest effektive metoden for å utvikla språket, auka ordforrådet, styrka formuleringsevna, leseforståinga og leselysten hos barn.
  • ein syttenåring som blei lest for som barn, kan opptil 50 000 ord. Nokon syttenåringar kan berre 15 000. Det er for lite til å forstå innhaldet i ei avis.
  • TV og nettbrett kan ikkje erstatta mor eller far når dei aller minste skal læra seg språk.

Bokstart: les for meg! er eit samarbeidsprosjekt mellom Fitjar helsestasjon og Fitjar folkebibliotek