Leseknappen

Alle 2.klassingane i Fitjar kommune har moglegheit til å ta Leseknappen. Les 10 bøker heilt sjølv - og få leseknappen!

Leseknappen er eit flott jakkemerke i fargar, utforma av illustratøren Elisabeth Moseng. For å få Leseknappen, må barnet lesa 10 bøker sjølv, og skriva forfattar og tittel på eit lesekort, som elevane får frå biblioteket via skulen. Når lesekortet er fylt, hentar 2.klassingane leseknappen på biblioteket. Ein kan lesa bøker ein låner på biblioteket, på skulen eller bøker ein sjølv eig eller låner hos vener.

Det er ingen tidsfrist for innlevering av lesekorta.