Meirope bibliotek
Meirope bibliotek er eit tilbod om å kunne nytte seg av biblioteket utanom opningstid/bemanna tid. Opprett ein avtale med biblioteket, så kan du bruke ubemanna bibliotek alle dagar mellom kl.7-22.

Korleis?
Kontakt personalet i opningstida og få tilgong til meirope bibliotek. Du kjem inn på biblioteket ved å lesa av lånekortet i kortlesaren ved inngongen og tasta pin-kode.
Kven?
Tilbodet gjeld for alle over 15 år som er registrerte lånarar . Born kan nytta tilbodet om dei kjem i følgje med ein vaksen. Den vaksne har ansvar for dei borna han eller ho tek med seg.
Det vil vera personale i biblioteket i delar av den ubetente opningstida, for å gjera kontorarbeid. Treng du hjelp – ver grei og kom i den betente opningstida.
Vårt felles bibliotek
Det meiropne biblioteket byggjer på tillit mellom brukar og bibliotek. Det er vår felles eigedom og skal vera til glede og nytte for alle – du bør derfor passa godt på det og halda ro og orden. Lånekortet og pin-koden er personleg og skal ikkje brukast av andre. Born kan bruka tilbodet om dei kjem i følgje med ein vaksen. Den vaksne har ansvar for dei borna han eller ho tek med seg.
Servicetilbod
Når biblioteket ikkje er betent, er du sjølv ansvarleg for å nytta deg av dei tilgjengelege tenestene på ein forsvarleg måte.
Du kan nytta lesegruppene, studieplassane og datamaskinene, samt logga deg på gjestenettet og ta utskrift med Princh. Her kan du lese meir om korleis du printar ut med Princh. Det er også plakatar som forklarer korleis skrive ut ved printaren på biblioteket.
Merk: All form for lån og innlevering av materiale må gjerast på automaten! Fjernlånsbøker kan ikkje lånast ut på automaten og må derfor hentast i betent opningstid. Innleverte bøker leverer du på hylla til høgre for automaten.
Skulle det oppstå ein feil med utstyret slik at du ikkje får lånt, kom tilbake i den betente opningstida, så vil personalet hjelpa deg.
