Dame står ved eit lerret. Ei bokside er avbilda på skjermen. Barn sit med ryggen til kamera

Tilbod til barnehagar

Fitjar folkebibliotek ønsker å vere ein god støttespelar for barnehagane og ser på det som svært sentralt at barn vert kjent med forteljingar og får oppleva gleda av å lese bøker. Me tilbyr følgande til barnehagane i Fitjar:

Bibliotekbesøk

Biblioteket tek gjerne imot besøk av barnehagar. Avtal gjerne besøket på førehand. Det er stor stas å få besøke biblioteket og låne bøker!

Eventyrstund

Me inviterer gjerne barnehagane på besøk for å fortelje eventyr og lese frå nyare barnelitteratur. Alle barnehagane i Fitjar får tilbod om eventyrstund minimum 2 gongar i året. For å nå dei minste barna, besøker me gjerne barnehagane.

Bokkoffert

Ein bokkoffert inneheld ei illustrert barnebok, tilhøyrande leiker og ting som samsvarar med forteljinga i boka. Koffertane med innhald skal bidra til læring av omgrep, språkutvikling, samtalar, lytting og undring over alt som kan skje i bøkenes verden.

Ta kontakt med biblioteket for tinging

  • Lillesøster skal tisse
  • Vesle Pinne får besøk
  • Ludde
  • Gullhår og de tre bjørnar
  • Emmas verksted
  • Bø og bæ i festhumør
  • Albert Åberg
  • Den lille larven aldrimett
  • Geitekillingen som kunne telle til ti

Bokkassar

Me lagar gjerne ein bokkasse til avdelinga di. Fortel kva du ønsker og kva alder bøkene skal passe til, så plukkar me eit utval til deg. Bokkassen kan de ha i 2-3 månadar, før den vert returnert og me lagar ein ny.

Barnehagebarn kosar seg med bøker.

Lesekorken

Lesekorken er ein lesestimuleringskampanje for barnehagane. Kampanjen går anna kvart år. Neste gong er hausten 2025. For kvar bok som vert lesen, legg ein ein kork i ei krukke/ein kasse eller liknande. Den barnehagen som les flest bøker pr. barn vinn ein fin bokpremie. Med lesekampanjen ønsker me å setje fokus på kor viktig det er å lese for ungane i barnehagen.