Ny leseapp: BookBites!

BookBites er ein ny lese- og utlånsapp i Norge. Alle kan lasta ned appen og oppretta ein brukar, men for å låne bøker må du ha lånekort på eit bibliotek som nyttar BookBites til å låne ut e-bøker og digitale lydbøker (til dømes Fitjar folkebibliotek).

Du vil trenga ei epost-adresse og eit lånekort. Har du ikkje lånekort, får du det på Fitjar folkebibliotek. Det er gratis å låna bøker både på biblioteket og i BookBites-appen!

Her finn du både lydbøker og e-bøker som du kan lesa sjølv.

1.       Last ned appen BookBites bibliotek frå App Store eller Google Play

2.       Følg instruksjonane for å oppretta brukar.

3.       Lån bøker som du kan lesa på mobil eller nettbrett (nokre lesebrettprodusentar, som Kindle, har stengt for at lesebrettet kan nyttast for å lesa bøker lånt på bibliotek i Norge.

Du kan nytta den «gamle» leseappen eBokBib ut 2019, men grunna ein anbodsprosess vert det eit bytte av leseapp til BookBites.

BookBites-appen har god lesefunksjonalitet. Du kan tilpasse og markere teksten, skrive notatar og slå opp ord. Du kan endre bakgrunnsfarge på sidene, og boka vert opna på den sida ein avslutta lesinga. Appen har automatisk innlevering av boka ved forfall, og det er óg mogleg å levere inn boka før forfallsdato. Bøkene kan lesast offline.