Biblioteksamarbeid

Biblioteka i Sunnhordland har eit etablert samarbeid, og møtes fleire gongar i året for å drøfte ulike saker.
Me har og har hatt fine prosjekt saman, til glede for innbyggjarane i Sunnhordland.

8  BIBLIOTEK – 8 TURNEAR

Biblioteka i Sunnhordland søkte midlar frå Nasjonalbiblioteket og fekk støtte til prosjeket 8 bibliotek – 8 turnear i 2016.IBLZ0e8lWyAZaOXIitkbxCwVEAOXI_br4tqntJALcg0

Kvart bibliotek har fått erfaring med å arrangere ein turne som skal gå på fleire bibliotek i Sunnhordland. Først ute var Kofteturneen med Liv J. Sandvik Jacobsen.

I april vitjar Audun Myskja fleire bibliotek med kåseriet «Korleis hente ut eigne ressurser når livet røyner på».

Johanne Øvstebø Tvedten vitja biblioteka i Sunnhordland med barneteaterforestillinga «Alice i eventyrland». I Fitjar fekk barnehagane sjå førestillinga hennar.

Hausten 2016 hadde me arrangement for 7.klasse med eit foredrag om økonomi. Elevar ved Fitjar vidaregåande skule fekk høyre på Emil Ersland då han snakka om boka si: Farvel Syria. I tillegg arrangerte me lesefest med trylleshow for barna som hadde delteke på sommarles.no.

Alle desse arrangementa var støtta av Nasjonalbiblioteket.

 

 

ME SNAKKAST

Er eit debattprogram der ein arbeider for å få ungdom til å debattere ulike emne. Redaktør for Framtida.no, Svein Olav Langåker har vore sentral i dette prosjektet.20160115_132503

Det har vore arrangert debattar i alle sunnhordlandkommunane, både i vidaregåande skule, ungdomsskule og gjennom ungdomsråd.

I Fitjar har det vore debatt om nett på Fitjar vidaregåandeskule og 10.klasse på ungdomsskulen debatterte integrering av flyktningar.