Biblioteket har inngått ein avtale på Flipp, som gjev tilgong til ei mengde tidsskrift og teikneseriar.
Kva finn du i Flipp-appen?
Flipp gjev tilgang til meir enn 90 populære blader fra Noreg, Danmark og Sverige.
Korleis gjer eg det?
- Besøk bibloteket og logg deg på gjestenettet FK-gjestenett
- Last ned Flipp-appen via Google Play eller App Store.
- Logg inn med telefonnummeret ditt og lag deg eit valgfritt passord.
- Når du har oppretta ein brukarkonto og logga på via biblioteket sitt nettverk kan du fortsette lesinga i 7 dagar frå aktiveringstidspunktet. Så må du besøke biblioteket igjen for å fornye tilgongen.
