Digitale tenester
Bibliotekappen
Visste du at du kan få bibliotekkortet på mobilen?
Hold orden på lån og bestillingar med appen bibliofil. Bruk det digitale lånekortet ditt som nøkkel til meirope bibliotek.
Bookbites
BookBites gjer det enkelt å låna e-bøker og lydbøker gratis frå biblioteket.
Alle kan laste ned appen og opprette ein brukar, men for å låne bøker må du ha lånekort på biblioteket.
Stikk innom oss om du manglar lånekort.

Flipp – tidsskriftapp
Biblioteket gir deg gratis tilgang til 90 magasin og tegneseriar fra Egmont Publishing via biblioteket sitt gjestenett. Last ned appen, logg inn med mobilnummer og valgfritt passord. Når du loggar inn i appen får du tilgong i 7 dagar. Deretter må tilgangen fornyast ved å logge på i biblioteket igjen.
Filmoteket
Fitjar bibliotek tilbyr strøyming av kvalitetsfilmar gjennom Filmoteket. Filmen kan sjåast på ei rekke einingar og i alle kjente nettlesarar. Du kan og overføre filmen til ein større skjerm via AirPlay og Chromecast.
Stikk innom oss om du manglar lånekort.

Pressreader
Les nye aviser og tidsskrift frå heile verda i komplett digital utgåve. Du kan lese på nettbrett, smarttelefon eller datamaskin. Du får du tilgang til meir enn 7500 aviser/tidsskrift på meir enn 60 språk ved å logge deg på via biblioteket sitt gjestenett. Logg deg enkelt på Pressreader via bibliofilappen.
Filmbib
I Filmbib kan du sjå kortfilmar og dokumentarfilmar av nyare dato, men også nokon eldre. For å få tilgang til filmane må du ha eit nasjonalt lånekort og PIN-kode. Viss du vil sjå film på telefon eller nettbrett må du laste ned Filmbib-appen frå App Store eller Google Play.
Verdensbiblioteket
Verdensbiblioteket er ei digital teneste der du finn e-bøker og lydbøker på andre språk enn norsk. Brukarane kan sjølve opprette ein brukarkonto med ei e-postadresse. Verdensbiblioteket er gratis å bruka og ope for alle i Noreg, så lenge du besøker sida frå ei norsk IP-adresse.
Nettbiblioteket
Nasjonalbiblioteket digitaliserer bøker, aviser, tidsskrift og bilder.
Mykje av materialet er fritt tilgjengeleg frå norske IP-adresser, og endå meir er tilgjengeleg på biblioteket. I tillegg kjem noko som berre er tilgjengeleg for forsking og dokumentasjon, les meir under «Utvida tilgang».

Lesedigg
Lesedigg er eit nytt verktøy som skal hjelpe barn mellom 7 og 13 år å finne ei bok dei vil lese!
Leit eller søk etter bøker ved å trykke på knappen «Finn ei bok for meg» eller skroll nedover sida for å finne bokmeldingar, aktivitetar, forfattarintervju og siste nytt frå Framtida Junior.
NLB
Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek (NLB) er eit offentleg bibliotek som produserer og låner ut lydbøker og punktskriftbøker.
Tilbodet er for alle som strevar med å lese trykt tekst og vanlege bøker på grunn av funksjonsnedsettelse eller sjukdom.