Me tilbyr!
Bøker, filmar, lydbøker, tidskrift og aviser
I biblioteket finn du bøker i alle former og fargar – her kan du jakta i hyllene på eiga hand, snakka med tilsette og få tips til noko å lesa, be om hjelp til å finna fram til strikkeoppskrifter, hundebøker, ordlister, grøssarar – eller kva du har lyst til å gje deg i kast med. I hyllene finn du òg lydbøker, filmar, teikneseriar, tidsskrift og aviser.
Me samarbeider med andre bibliotek
Har me ikkje det du er på jakt etter, bestiller me inn frå andre bibliotek. Me har levering frå Stord folkebibliotek kvar torsdag. Onsdagar kjem det levering frå bibliotek i alle delar av landet.
Digitale tenester
Biblioteket tilbyr også ei rekke digitale tenester som film, avis, tidsskrift, bøker og lydbøker på nett.
Studieplassar og moglegheit for utskrift
Biblioteket har tre studieplassar og ei publikumsmaskin tilkopla printar. Prisar for utskrift er kr 2,- pr ark. Du kan skrive ut via Princh.
Lokalhistorisk samling og seniorsenteret
Er du interessert i lokalhistorie? I lokalet over biblioteket har me samla litteratur frå og om Fitjar og omegn. Treng du låna eit lokale? Det er biblioteket som styrer utlån av Seniorsenteret.
Meirope bibliotek
Ønsker du å nytte biblioteket utanom opningstid? Skaff deg tilgang til meirope/sjølvbetjent bibliotek.
Arrangement og føredrag
Me inviterer gjerne til arrangement og føredrag, både til vaksne og barn. Sjå kalenderen vår.