
Bokstart: Les for meg!
I Fitjar kommune har me som mål at alle småbarnsforeldre skal lesa for barna sine. Difor har me satt i gang prosjektet Bokstart: les for meg! der me blant anna delar ut informasjonsmateriell og gratis bøker i samarbeid med Helsestasjonen. Bøkene og prosjektet er støtta av ForeningenLES! (foreningenles.no).
Høgtlesing utviklar ordforrådet
For at barna våre skal lykkast fagleg og sosialt i barnehage og skule er gode språkdugleikar viktig. Kosestunder med høgtlesing er den aller beste måten å utvikle ordforrådet på. I tillegg hjelper det barnet sin hjerne til å utvikla seg, og skapar tette, trygge, gode og kjærlege band mellom oss foreldre og barna våre. Gullalderen for språklæring er frå 1,5-3 år, og jobben me gjer heime er superviktig!
Filmen er laga av Silje Vågen Torbjørnsen
Bad i ord!
Barna våre skal høyre eit ord hundrevis av gongar før det sjølv kan forstå og uttale det. Difor må me aldri la sjansen gå frå oss til å snakke om hunden me ser, grauten me et, fargen på buksa me tek på oss og lukta av dei nysteikte bollane. Snakk, snakk, snakk og snakk. Og syng! og les! I bøker møter me andre og fleire ord enn dei me brukar i daglegtale. Difor er bøker spesielt effektive.

Forsking seier at:
- å lesa høgt for barne før det kan snakka, gjev store utslag i kor mange ord barnet lærer seg.
- jo større betydning bøker har i barns liv frå dei er små, jo meir førebudd er dei til å læra å lesa når dei byrjar på skulen.
- barn som har mange barnebøker heime, og har blitt lest for før dei fyller to år, har nesten dobbelt så stort ordforråd ved skulestart enn dei med få barnebøker heime og som først har blitt lest for etter at dei fylte fire år.
- den fremste ressursen for å fremma eit barns lesing er mor og far og andre nære omsorgspersonar.
- tidleg høgtlesing er den mest effektive metoden for å utvikla språket, auka ordforrådet, styrka formuleringsevna, leseforståinga og leselysten hos barn.
- ein syttenåring som blei lest for som barn, kan opptil 50 000 ord. Nokon syttenåringar kan berre 15 000. Det er for lite til å forstå innhaldet i ei avis.
- TV og nettbrett kan ikkje erstatta mor eller far når dei aller minste skal læra seg språk.
Bokstart: les for meg! er eit samarbeidsprosjekt mellom Fitjar helsestasjon og Fitjar folkebibliotek og blir støtta av Nasjonalbiblioteket og ForeningeLES! Vil du vite meir om bokstart-prosjekt kan du lese meir på bokstart.no.
Kva gjer me i Fitjar?
For dei aller yngste

- Alle nybakte foreldre vil få utdelt brosjyren «Les for meg» BOKSTART»
- Når barnet er 6 månedar vil foreldre og barn bli invitert til Helsestasjonen på barseltreff. Det vil då vere fokus på lesing og små barn, og foreldre og barn vil få utdelt boka «Revungen» og brosjyren BOKSTART. SPRÅK FRÅ FØRSTE STUND på helsestasjonen. Brosjyren er tilgjengeleg på nynorsk, bokmål, arabisk og engelsk. Boka er utan tekst, og kan «lesast» på alle språk.
- Biblioteket vil tilby eventyr/sangstund for dei heilt minste barna i alderen 6 månedar – 2 år, når forholda tillet det (ikkje korona).
- Når barnet er 18 månedar og besøker helsestasjonen vil det få utdelt eit gåvekort som dei kan byte i ei bok med handlenett på biblioteket. Boka som blir delt ut er «Æsj! sier Nora» av Iren Marienborg.

For eldre barn
- Biblioteket inviterer barnehagane til eventyrstunder med boklesing, forteljing og sang.
- Frå barnet er 6 år kan barnet vere med på lesekampanjen Sommarles (sommarles.no) som går frå 1.juni-1.september kvart år. Barnet, saman med foreldre opprettar ein brukar, og kan registrere alt av bøker som blir lest for barnet, det barnet les sjølv eller lyttar til av lydbøker. Etterkvart kan barnet oppnå premiar som kan hentast på biblioteket.
- Alle barn i Fitjar får utdelt lånekort når dei går i 1.klasse (det er mulighet for reservasjon). Saman med lånekortet får barnet eit gåvekort som dei kan byte i ei lettlestbok som dei hentar på biblioteket. Med lånekortet har barnet tilgang til å låna alt av bøker, lydbøker og filmar som er tilgjengeleg på Fitjar folkebibliotek.
