Nærbilde av bøkene i bokhylla på dagsturhytta i morgonsol.

Dagsturhytta

Dagsturhytta “Tveitaslottet” vart opna vinteren 2022. Fitjar folkebibliotek har ansvar for turbiblioteket i hytta.

Gåve frå Vestland fylke

I samband med samanslåinga Hordaland og Sogn og fjordane til det nye fylket Vestland vart det sendt ut tilbod til alle kommunane om å få ei dagsturhytte kvar til ein svært rimeleg pris som ein «bryllaupspresang» til bruk for ålmenta. Hyttene har ein verdi på om lag 1 mill. kr. og eigendelen til kommunane er om lag kr. 160 000,- noko av dette kan også være i form av dugnad.

Tur for barnefamiliar

I juni 2020 vedtok kommunestyret at ein skulle takke ja til ei slik hytte. Vidare vart det i kommunestyret i desember 2020 vedteke at hytta skal plasserast i Tveitekleiva. På denne staden er det nydeleg utsikt utover Fitjarøyane. Staden er og eit fantastisk utgangspunkt for lengre turar innover i fjellet.
Turen tar om lag 25 minuttar for ein barnefamilie oppover traktorvegen frå parkeringsplassen på Dalshaugane.

Hyllene med bildebøker i dagsturhytta
Turbiblioteket inneheld mest barnebøker, men også nokon bøker for vaksne. Foto: Silje Vågen Torbjørnsen

Nynorsk turbibliotek

Dagsturhytta har eit nynorsk turbibliotek med freistande bøker som kan brukast på hytta. Lesing er eit helsefremjande tiltak, og etablering av nynorske turbibliotek i dagsturhyttene styrkar folkehelseperspektivet i prosjektet. Bøkene skal stimulere til lesing og gjere nynorsk barnelitteratur kjent og tilgjengeleg for fleire. Det er Fitjar folkebibliotek som har ansvar for turbiblioteket i Fitjar si hytte, som forsyner hytta med bøker og held samlinga ved like.