Dame står ved eit lerret som viser ein by. Barn sit og ser på med ryggen til.

Tilbod til skular

Biblioteket har tett samarbeid med skulane i Fitjar og har følgande tilbod til elevane i Fitjarskulen og tilbyr følgande:

Bokkassar

Treng du bøker til klassen din? Me plukkar bøker ut i frå alder og interesse og set saman til ein bokkasse. Bokkassane kan klassane ha i 2-3 månadar, før dei vert returnert. Skal du ha eit prosjekt om verdsrommet, om dyr eller om vikingtida? Me skaffar deg gjerne bøker.

Klassebesøk

Biblioteket tek gjerne imot klassebesøk. Om det er ynskjeleg kan me setje av tid til ein bokprat eller ei lesestund for å inspirere til lesing. Om det passar bedre, kan me gjerne besøke klassen din og ha med ein bokkoffert.

Klassesett

Bibliotekutvikling Vestland låner ut klassesett av barne- og ungdomsbøker, hovudsakleg på nynorsk. Klassesett bestiller du hos bibliotekutvikling Vestland. Bøkene vert sendt til folkebiblioteket.

Lesekampanjar

Biblioteket arrangerer to lesestimuleringskampanjar i året;

Sommarles

er ein landsomfattande leseaksjon for kommande 1.klassingar og heile barneskulen (1.-7.klasse). Kampanjen går frå 1.juni til 31.august. Barna les bøker, høyrer lydbøker eller blir lest for. Det som blir lese registrerer ein på nettsida sommarles.no. Etterkvart som ein les oppnår ein premiar som kan hentast på biblioteket.

Logo Sommarles.no
Sommarles er ein populær lesekampanje.

Leseknappen

Leseknappen er for 2.klassingar, og dei vert invitert til å delta på Leseknappen gjennom skulen. For å få Leseknappen, må barnet lesa 10 bøker sjølv, og notera forfattar og tittel på eit lesekort. Når lesekortet er fylt, hentar 2.klassingane leseknappen på biblioteket. Ein kan lesa bøker ein låner på biblioteket, på skulen eller bøker ein sjølv eig eller låner hos vener.

bøker, brosjyre
Foto: Silje Vågen Torbjørnsen

Forfattarbesøk

Biblioteket arrangerer forfattarbesøk for elevar i Fitjarskulen kvart år. Me samarbeidar gjerne med Falturiltu, den nynorske barnebokfestivalen på Stord. Her nokon bilete frå tidlegare forfattarbesøk.