logo til biblio lydbokappen

E-bøker i Biblio (tidlegare Bookbites)

Lån av e-bøker heilt gratis.

Du kan enkelt låne e-bøker frå biblioteka i Vestland. Alt du treng er Biblio-appen, lånekort og pinkode. Då får du tilgang til fleire tusen e-bøker. Det er gratis å låne bøker både på biblioteket og i Biblio-appen!

Biblio erstattar appen BookBites, som me brukte tidlegare. Du loggar inn med same brukarnavn og passord som du brukte i BookBites. Alle lån, reservasjonar og lånehistorikk blir med over i den nye appen.

Korleis gjer eg det?

Ny brukar? Slik kjem du i gang
Last ned appen til mobilen eller nettbrettet ditt i Google Play eller App Store.
Viss du vil bruke Biblio på PC kan du gjere det her.

For å bruke Biblio treng du eit bibliotekkort. Dersom du ikkje har det frå før, kan du registrere deg hos bibliotekkortet.no eller kontakte biblioteket.

Dersom du bestiller eit digitalt bibliotekkort må du aktivere det hos oss før du kan begynne å låne bøker i Biblio.

Er du elev eller tilsett i grunnskule eller vidaregåande skule? Då kan du logge inn med Feide. Bruk det vanlege brukarnamnet og passordet ditt. Du treng ikkje bibliotekkort dersom du brukar Feide til å logge inn.

Treng du hjelp?

Treng du hjelp til noko? Spør oss i biblioteket, eller besøk supportsidene til Biblio.

skjermdump av framsidebilde av biblio