Mandag og tysdag denne veka var det samla ein god gjeng barn til ulike aktivitetar på biblioteket. Det er ikkje alle som har moglegheit for å reisa vekk i vinterferien, difor synst me det var ekstra kjekt å finna på noko her nokre av dagane.
Mandag vart ein rein speledag, med stort utval i både brettspel og dataspel. Her kunne ein spela mellom anna sjakk og rummy, eller utfordra seg med matematiske nøtter på ipad´en. På seniorsenteret var det mogleg å spela Nintendo Switch, som mange kosa seg med.
Tysdag vart det meir hobby-aktivitetar, med dekorering av mjølkekartongar, som det etterpå skulle såast i. Mange potter med ruccola, plukksalat og ringblom fór heim med nøgde ungar denne dagen.
Mange har kosa seg med ulike aktivitetar på biblioteket desse dagane, ca femti barn og vaksne var innom i løpet av stunda. Når det er tydeleg at det vert sett så pris på, gjer me gjerne noko liknande igjen!