Frø-sanking og frø-bibliotek!

Visste du at frøa du sankar sjølv, er meir robuste enn dei du kjøper i butikken?

Frøbiblioteket på Fitjar folkebibliotek.
Frøbiblioteket.
Forsking visar at frøa ein sankar sjølv, er betre tilpassa det miljøet og klimaet dei seinare skal såast i. Kor foreldra og besteforeldra til frøa har vakse opp, har betydning.


No er tida for å sanka frø i hagen din! På biblioteket kan du levera inn frø til frø-biblioteket, og byta til deg frø som andre har samla inn.

Lure tips til frø-sankinga:

1. Vent til frøa er modne:

Jo lenger frøa sít på planta, jo betre kvalitet får frøet. Så vent til frøa er modne før du samlar dei inn, men ikkje så lenge at frøa dett av.. Ofte sit frøa beskytta inne i ein kapsel av noko slag, og når kapselen er brun er frøa modne. Om det ikkje er ein kapsel så må du gjetta litt, men med litt trening så finn du fort ut når frø er modne eller ikkje.

2. Tørk frøa godt

Skal frøa lagrast så må dei tørkast heilt først. Dette oppnår du lettast ved å samla frøa på ein regnfri og helst solrik dag, og ettertørka dei inne. Det er gjerne best å klyppa av heile frøstandar (eller stilkar med mange frøstandar) og la dei ligga til tørk, gjerne oppi ei kjøkkenglas eller på ein tallerk. Dette vil dessutan gje litt ettermodning om du ikkje klarar å venta med å sanka til dei er heilt modne.

Frø-hovud av stjerneskjerm.
Stjerneskjerm.
3. Sorter ut boset:

Når du synst alt er tørt og brunt, så sorterar du frø og avfall frå kvarandre, feks med å knusa frøhuset med fingrane. Er du usikker på kva som er frø og bos så kan du skippa dette punktet, men vanlegvis er frøa enkle å kjenna att. Lat gjerne dei frigjorde frøa ligga og tørka på ein tallerk eitt par dagar til, så er du heilt sikker på at det er tørt.

4. Pakk vekk frøa:

No må du oppbevara frøa i noko. Bruk gjerne ein papirpose, konvolutt eller kaffi-filter. Papir pustar litt og slepp ut eventuell restfukt.  Det er veldig kjedeleg å oppdaga til våren at frøa har rotna. Husk å merka med namn på blomen. Utruleg kva ein kan gløyma…

Oppbevar frøa tørt, gjerne mørkt og kjøleg. Dei kan halda i årevis!

Visna valmue med frøhovud på.

Kjelde: https://moseplassen.no/2015/08/hvordan-sanke-fro/