God oppslutning om lørdagsbibliotek

Første laurdagsbibliotek

Over 60 små og store tok turen til biblioteket laurdag 23.september då det blei arrangert laurdagsbibliotek for første gang. Biblioteket tek sikte på tre laurdagsbibliotek i haust. Neste arrangement vert Bamsedag laurdag 28.oktober.

Monsterdag

På monsterdagen fekk barna lage monster i ulike former. Det vart mala dorullar i stor skala og monstera fekk både tre og fire auge.

Bøker om monster står oppstilt, fire dorull-monster og to monsterklypp på eit bord
Bøkene som vart lest på lesestunda var Monsta, verdens søteste monster og Monster i mørket.

Monster-lesestund

Det vart fult på seniorsenteret då alle benka seg saman for å høyre monsterhistoriar. Barna levde seg inn i forteljinga om «Monsta verdens søteste monster» (Fontini forlag) og «Monster i mørket» (Skald forlag) og alle var einig om at monster ikkje er skumle.