Kjekk dag
Barn og vaksne kosa seg då biblioteket arrangerte kodedag for barneskuleelevar laurdag 18.november. Barna fekk prøve koding i ulike former, som Lego spike, mikro:bit, spheroball, Osmo, Cubetto og VR-briller.
God hjelp
For å lage ein slik dag trengs det instruktører og utan hjelp frå Lena, Charlotte, Ellen, Joanna, Dennis og Sebastian hadde det ikkje gått. Ein stor takk til dei.
Støtte frå Vestland fylkeskommune
Arrangementet blei til med støtte frå Bibliotekutvikling Vestland og prosjektet “Rom for møte”.
Vinnarar
Vinnaren av konkurransen med mikro:bit var Bjørn Leon og vinnar av Lego spike var Jens. Gratulerer!