Frøbibliotek

No kan du låna frø på biblioteket

Mange bibliotek har eigne frøbibliotek, og no har Fitjar folkebibliotek også eit.

Hender som held konvoluttar med før.
I frøbiblioteket kan du blant anna finne hageanisisop og honningurt.

Samarbeid med Fitjar hagelag

Frøbiblioteket er fylt opp takka vere Fitjar hagelag. Dei tre kjekke damene, Gerd Marit Lunde, Gunn Kvernenes og Kate Helland har pakka ein haug med konvoluttar fylt med frø, så dette er gjort på dugnad. Dei er enno ikkje ferdig, så fleire frøpakkar vil kome etter kvart.

konvoluttar med frø i eit frøbibliotek.
Lån-så-haust-lever frø, så vil det alltid vere frø i frøbiblioteket.

Frøbibliotek

Eit frøbibliotek er eit tilbod til deg som er hobbygartnar og likar å stelle i hagen. Tanken er at du kan låne frø om våren. Når hausten kjem og plantene frøar seg, kan du forsøke å sanke frø for så å levere dei tilbake til frøbiblioteket. Slik kan andre låne frø frå biblioteket året etter. Prinsippet blir: lån, dyrk, sank, lever.

Ulike sortar

Dei sortane du kan finne i frøbiblioteket no er blodbeger, honningurt, storhjelm, hageanisiop, akeleie, gudeblom, fjellfokk, akeleie og blomkarse. Kva biblioteket vil inneholde, vil variere etter kva folk leverer inn og låner.

Hender som held frøkonvoluttar.
Fjellflokk, jakob himmelstige er ei fleirårig plante

Frø til overs?

Har du frø til overs? Lever dei gjerne i frøbiblioteket, og lån med deg nokon andre heim.

Maks 5 pakkar

For at det skal vere nok til alle har me satt ei avgrensing på at ein kan ta med seg maks 5 pakkar dersom ein ikkje har noko å levera inn.