Fersk barnebok
Anders Totland gav ut Gunnars Rekordbok i januar i 2024. 7B fekk klassesett av boka og alle elevane las henne. Etter at boka var lese kom Silje frå biblioteket på besøk i klassen og lærte elevane å lage gode spørsmål. Dei beste spørsmåla vart plukka ut av klassen og vart utgangspunkt for eit manus.
Unge bokbadarar
Josefine, Liam og Chris André gjorde ein god jobb med å intervjue Totland. Elena ønska velkommen, Pasha tok bilder og Eldar Johan var journalist. Nataniel styrte lyden. Heile klassen var med på å lage scene. 6.klassane hadde også lese boka og fekk vera publikum.
Anders Totland
Anders Totland er 37 år gamal, er gift, har tre ungar og er veldig glad i pizza. Før han vart forfattar var han kokk og journalist. Den første boka Totland skreiv heitte Vampyane i eplehagen. Han har skrive 18 bøker så langt, både til vaksne og barn. Alle bøkene skriv han på ein knust og billig PC.
Når Anders får spørsmål om kven av bøkene han har skrive som han likar best, svarer han «Engel i snøen» og «Gunnars Rekordbok»
Gunnars Rekordbok
I «Gunnars Rekordbok» møter me Gunnar. Han bur åleine saman med far. Etter kvart får me vite at mor til Gunnar er død. Gunnar har ei bok han skriv ned hemmelege rekordar, slik som at Sivert er verdas beste venn og at faren kan ligge lengst på sofaen.
Den karakteren Anders Totland likar best i boka er Birger. Birger er ein gut i klassen som ofte plagar Gunnar og Sivert. Anders synest at det kjekkaste med å skrive boka var den gode følelsen han fekk då historia han tenkte ut vart ei bok.
Kjekt avbrekk
Elevane i 7b syntes det var kjekt å ha forfattarbesøk og bokbad. Her er nokon kommentarar i etterkant:
«Det var kjekt å gjere noko anna»
«Eg likte boka, spennande at Gunnar datt ned frå eit tre.»
«Anders Totland beskriv veldig godt følelsane til Gunnar».
«Det gjekk fint å lede bokbadet, det var ikkje skummel.»
På bokslukerprisen.no kan du lese omtale av “Gunnars rekordbok