Lesestimuleringsprosjekt
Prosjektet “tips meg om ei god bok” er eit lesestimuleringsprosjekt i regi av Fitjar folkebibliotek. Prosjektet er støtta av Nasjonalbiblioteket. Biblioteket arbeider med prosjektet våren 2024.
Utprøving av nye metodar
Fitjar folkebibliotek arbeider med skulane for å få barn til å tipse om bøker til kvarandre. Det vert prøvd ut ulike metodar for å dele tips:
- boktips via plakatar
- boktips munnleg
- boktips på biblioteket sin Instagram-konto
- boktips på biblioteket sin Facebook-konto
- boktrailarar laga med IMOVIE
- deling av boktrailarar på skulen sin infoskjerm
- Samlingar der boktips vert presentert
Om prosjektet
Prosjektet «Tips meg om ei god bok» går ut på å inspirere elevar med bokprat, både av bibliotekar, lærar og medelevar. Ved å freiste med smakebitar frå bøkene er det større sannsyn for at elevane vel breiare og meir utfordrande bøker enn dei elles ville gjort. Barn inspirerer kvarandre, og i prosjektet «Tips meg om ei god bok» vil me legge vekt på at barna skal få komme med sine boktips. Boktipsa skal presenterast digitalt for andre elevar.
Lesedugleik og leseglede
Bibliotekaren, skulebibliotekaren og læraren spelar ei viktig rolle i å inspirere barn til lesing, og i skulen vil ein kunne nå alle elevar. Det er sterk samanheng mellom lesedugleik og leseglede, og det ser ut for at om foreldre er positive til lesing har det også positiv effekt på elevars haldning til lesing. For barn som ikkje har foreldre som likar å lese, er det svært viktig at skulen bidrar til leseglede. (1)
Fritidslesing
Forsking viser også samanheng mellom fritidslesing og utvikling av lesedugleik. Det er stadig fleire som oppgjer at dei ikkje les på fritida og at det er ein negativ trend. I ein artikkel av Astrid Roe blir det peika på at det må vere eit mål å gi alle barn og unge, uavhengig av sosioøkonomisk status og kjønn, like god tilgang til lesestoff og hjelp til å finne fram til tekstar som engasjerer dei. (2)
Det har dei seinare åra knytt bekymring til barn og ungdom sine manglande skrive og lesedugleikar. PISA undersøkinga frå 2019 viser ein klar samanheng mellom sosioøkonomisk status og leseprestasjonar (s.22) (3). Rapporten viser også at kvar fjerde gut ligg under nivå 2 i lesing. Nivå 2 vert rekna som ei kritisk grense for den lesekompetansen som er naudsynt for å delta i vidare utdanning og arbeidsliv (s. 8) (4).
Barn inspirerer barn
Effekt av prosjektet vil vere at barna inspirerer kvarandre til lesing, og dei inspirerer andre. Barna vil bli merksam på biblioteket. Bibliotekpersonal vil prøve ut nye metodar for digital formidling som kan implementerast i skulen sin verksemdsplan.
Kjelder
(1) Lesesenteret i Stavanger (2021) Foreldrenes leseglede kan utjevne sosiale forskjeller Henta 30.september 2021 frå https://www.uis.no/nb/forskningsformidling/foreldres-leseglede-kan-utligne-sosiale-forskjeller
(2) Roe, A. (2020). Elevenes lesevaner og holdninger til lesing. Frønes, T., Jensen, F. (red) (2020). Like muligheter til god leseforståelse. Oslo: Universitetsforlaget
(3) Jensen, F., Pettersen, A. Frønes, T. S., Kjærnsli, M., Rohatgi, A., Eriksen, A. & Narvhus, E.K. (2019). PISA 2018. Norske elevers kompetanse i lesing, matematikk og naturfag. Oslo: Universitetsforlaget
(4) Språkløyper – Nasjonal strategi for språk, lesing og skriving 2016-2019