Endra opningstider!

Rita blir pensjonist!

Portrett av Rita H. Huse

Rita Hindersland Huse vert pensjonist frå 1.januar 2025. Me har då vore så heldig å ha Rita som medarbeidar ved biblioteket i 13 år. Ho har vore vikarierande biblioteksjef i to periodar og frå 2016 har Fitjar folkebibliotek og Fitjar vidaregåande skule samarbeida om bibliotektenester. Difor har me har vore så heldig å ha Rita, som har vore skulebibliotekar ved Fitjar vidaregåande skule, inn i vaktordninga til folkebiblioteket. Rita har hatt ei viktig formidlingsrolle mot barnehagane i Fitjar, og ein god medarbeidar og samarbeidspartnar i drift av biblioteket.

Rita er ei omsorgsfull dame, eit rivjarn og utruleg dyktig i jobben sin, og ho vil bli sårt sakna. Me gler oss likevel over at denne spreke pensjonisten skal få tid til å vere bestemor med stor B.

Sidan Rita går av med pensjon, og avtale og ny skulebibliotekar ved Fitjar vgs ikkje er på plass på det noverande tidspunkt, vil opningstidene verte endra og noko redusert frå 2. januar.

Nye opningstider

Ein del av opningstidene vert flytta til føremiddagstid for å kunne gje eit betre tilbod til skular og barnehagar. Tysdagar vert langope på biblioteket frå kl.13-18.

Dei nye tidene vil bli slik:

Betjent opningstid: Ubetjent opningstid/meirope bibliotek
Måndag10-147-10 14-22
Tysdag13-187-13 18-22
Onsdag10-147-10 14-22
Torsdag13-167-13 16-22
FredagStengt7-22
LaurdagStengt7-22
SøndagStengt7-22
Hånd som held lånekort og open dør i bakgrunnen

Ubetjent bibliotek/meirope

Ubetjent bibliotek vil vere ope som vanleg frå kl. 7-22 kvar dag. For å logge deg inn på biblioteket treng du lånekort, pinkode og ein avtale med biblioteket. Ta kontakt med biblioteket dersom du ønsker tilgong til denne ordninga.