Påfyll av frø
Fitjar hageglede si frøgruppe har i dag kome med nye pakkar med frø til frøbiblioteket.
Frøutval
Desse sortane finn du i frøbiblioteket pr 12.mars 2025:
- Ridderspore
- Scabiosa
- Blå lobelia
- Stokkrose
- Hageanisisop
- Valmue
- Blodbeger
- Kamille
- Storhjelm
- Blomkarse
- Ringblomst
- Brokkoli
- Dill



Slik fungerer frøbiblioteket
Ein låner frø frå frøbiblioteket, sår og plantar på sommaren, for så å forsøke å sanke frø på hausten. Sjølv om det er ønskeleg, er det ikkje eit krav om å levere frø tilbake. Slik vil det alltid vere noko å hente i frøbiblioteket.
Har du for mange frø?
Dersom du har for mange frø, og ønsker å dele overskotet ditt, kan du levere inn frø på biblioteket. Fitjar hageglede si frøgruppe vil pakke frøa ved høve.